Pedro Vincent Dias Bergheim, stipendiat i pedagogisk filosofi ved Universitetet i Bergen, er årets akademi-filosof under Forteljekunstakademiet i Fjaler 18. - 20. juni. Med ein solid bakgrunn innan filosofi frå Universitet i Frankrike, Brasil og Portugal, kombinert med erfaring som lektor i filosofi og fransk, er Bergheim ein sentral bidragsytar til årets program. Gjennom foredrag og filosofisk kafé vil Bergheim utforske spørsmål om danning, refleksjon og kva det betyr å finne ro i ei hektisk verd. Han bidreg òg med kunstnarisk innslag under Jonsokfeiringa fredag kveld.
Pedro Vincent Dias Bergheim er årets akademi-filosof under Forteljekunstakademiet i Fjaler 18. - 20. juni. Pedro er stipendiat i pedagogisk filosofi ved Universitetet i Bergen (UiB), tilknytt Institutt for pedagogikk. Han har ein Erasmus Mundus-mastergrad i filosofi frå Universitetet i Toulouse (Frankrike), Universitetet i São Carlos (Brasil) og Universitetet i Coimbra (Portugal). I tillegg er han utdanna lektor i filosofi og fransk.
Bergheim er også filosofisk praktikar og tilbyr individuelle samtalar og gruppedialogar på norsk, engelsk, portugisisk og fransk. Han er spesielt opptatt av samspelet mellom individet og omverda, og korleis dette påverkar personleg utvikling.
Under akademiet kan du møte Bergheim på fleire postar.
Torsdag 19. juni kl. 09.00 held han ord for dagen om danning i dag. Omgrepet «danning» har eksistert i fleire hundre år og har stadig provosert fram nye og motstridande svar på kva det vil seie å vere eit fullkome menneske. Vi finn ideen om danning i kulturen og politikken verda over, inkludert her i Noreg, der både lovverket og læreplanen slår fast at den norske befolkninga skal dannast. Kva betyr eigentleg danning, og kvifor bryr vi oss? Bergheim vil utforske danningomgrepet si historie og korleis det bør forståast i dagens moderne demokrati.
Under lunsjen fredag 20. juni kl. 13 vil han halde ein filosofisk kafè der han vil leie deltakarane gjennom temaet kontemplasjon. Kva kan vi vinne ved å gi oss sjølve tid til å tenkje? Og kva krevst eigentleg for å kunne filosofere i dagens samfunn, der alt går så fort? Når har ei ledig stund, går kan hende ikkje tankane til djupare refleksjon, men direkte til skjermen i handa. Å finne og skape tid til å filosofere handlar ikkje om å gjere ingenting, men om å skape eit rom der vi kan følgje tankane og reflektere over noko på ein grundig, roleg og ofte målretta måte.
Ein filosofisk kafé er ein møteplass der menneske samlast for å samtale om store og små spørsmål i livet. Konseptet vart utvikla i Paris i 1987 av filosofen Marc Sautet, som arrangerte dei første samlingane på Café des Phares. Målet var ikkje å komme fram til eit endeleg svar til ei problemstilling, men snarare å utforske tankar og idear i eit ope og inkluderande fellesskap.
Ein filosofisk kafè er open for alle, uavhengig av bakgrunn eller erfaring. Samtalane blir leia av ein moderator som hjelp deltakarane halde fokus og gå i djupna på emnet. Emnet kan variere frå etiske dilemma til dagleglivets utfordringar, som deltakarane blri inviterte til å dele sine perspektiv på. Det handlar om å skape rom for refleksjon – ein stad der ein kan stoppe opp, tenkje grundigare og kan hende sjå verda frå nye vinklar.
Bergheim bidreg også med heilt andre kunstner under Jonsokfeiringa fredag kveld.
Vi startar forteljekunstakademiet med eit forkurs i verselesing med Idun og Rolf Losnegård. Her vil deltakarane få kunnskap om diktaren sin prosess og arbeide med å framføre dikt av Jakob Sande.
Som opning av sommarsesongen og årets forteljekunstakademi vil ordførar i Fjaler, Leif Jarle Espedal, fortelje ved Nikka Vonens minnestøtte og Jakob Sandes æresstøtte.
Den folkekjære forteljekunstnaren og skodespelaren Jon Eikemo har gått bort. Vi vil særleg hugse han for hans store engasjement for Jakob Sande si dikting, som han bar fram med kraft, klokskap og varme.
Laurdag 7. juni besøker Jakob Sande - senter for forteljekunst Hyllestad og den årlege kvernsteinsmarknaden der. På standen finn du informasjon om Jakob Sandesenteret, eigne produkt som koppar, t-skjorter, bøker og dukar, samt aktuell nynorsk litteratur.
I juni tek Jakob Sande – senter for forteljekunst imot 22 elevar frå helse- og oppvekstfag ved Dale vidaregåande skule til to dagar med kurs og verkstader i skapande skriving og formidling, danning og fellesskap. Akademiet er ein pilot for eit programfag i skapande skriving og forteljekunst i den vidaregåande skulen.