Den vesle boka "Samspel" samlar dikt av Kjersti Wøien Håland og papirkunst av Eva Meier. Boka er inspirert av fjorårets tema Samspel og er no til sals i Gamle skulehuset.
Kjersti Wøien Håland var festdiktar på Fest i Fjaler i fjor. Med utgangspunkt i opplevingane frå dagane i Fjaler og festivaltemaet Samspel, skreiv ho ei rekkje dikt.
Kjersti Wøien Håland er forfattar og manusforfattar, skribent og lyrikar. Ho har markert seg som ei røyst for dei unge vaksne og har auka merksemda rundt distriktsungdom og nynorskbrukarar.
I etterkant av Fest i Fjaler fekk kunstnar og illustratør ved Sandesenteret, Eva Meier, lese dikta. Ho såg at ei kunstform som ville passe godt til orda, var papirkunst, og arbeidde med ein teknikk der ho klipte ut ei mengd papirdelar og sette dei saman til forteljande bilete. Resultatet er eit særprega visuelt uttrykk som spelar tett saman med tekstane.
No er orda til Kjersti og papirkunsten til Eva samla i boka Samspel. Ei lita, men rik utgjeving der tekst og bilete møtest i eit felles uttrykk.
Jakob Sande-senter for forteljekunst er utgjevar av boka, som er trykt hos E. Natvik Prenteverk AS i Florø.
Boka er til sals i Gamle skulehuset.
På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.
Redaksjonsmøtet Fjaler er for deg som vil bli med i ein ungdomsredaksjon, der du til dømes kan skrive, ta bilete, lage reels eller teikne.
Fest i Fjaler opna med kake, føredrag, lansering, diktkonsert og folkemusikkpub. Alt foreviga av fotograf David Zadig.