Laurdag 7. juni besøker Jakob Sande - senter for forteljekunst Hyllestad og den årlege kvernsteinsmarknaden der. På standen finn du informasjon om Jakob Sandesenteret, eigne produkt som koppar, t-skjorter, bøker og dukar, samt aktuell nynorsk litteratur.
Nokre av Sandesenteret sine eigne produkt. Her handduk med motiv over Sande-tunet, teikna av Eva Meier og produsert av Ekelund veveri, og Forteljekoppen med motiv av Nikka Vonen og Jakob Sande, teikna av Eva Meier og produsert av Figgjo.
Vestlandskoppen. Motivet er inspirert av diktet Vestlandsvalsen av Jakob Sande. Teikna av Eva Meier og produsert av Figgjo.
Kvernsteinsmarknaden er ein årleg friluftsmarknad i Kvernsteinsparken. Det vert ulike aktivitetar og salsboder. Mellom anna opa smie, vikingleir, leikebåtverkstad og hesteriding.
Marknaden er open frå 11-15.
Håpar vi ser deg i Hyllestad!
I morgon vil eg byrja på eit nytt og betre liv - t-skjorte, med trur eg.... bakpå. Teikna av Eva Meier og produsert av Fjaler profilering.
På Forteljekunstakademiet inviterte Tekstallianse og Sandesenteret til kurs for skrivande med norsk som andrespråk.
Redaksjonsmøtet Fjaler er for deg som vil bli med i ein ungdomsredaksjon, der du til dømes kan skrive, ta bilete, lage reels eller teikne.
Fest i Fjaler opna med kake, føredrag, lansering, diktkonsert og folkemusikkpub. Alt foreviga av fotograf David Zadig.