Les Tidsskriftet Jaja på papir

I august debuterer Jaja som fysisk tidsskrift. Her kan du kjøpe utgåva.

09.04.2025

Jakob Sande - senter for forteljekunst gir ut Tidsskriftet Jaja om og med forteljekunst. Jaja er kulturtidsskriftet frå den vestnorske bygda, som dreier kring forteljekunst, forteljingar og språk. 

I denne første fysiske utgåva vil du finne bidrag frå eit gnistrande lag ferske og erfarne skribentar. Dei utforskar temaet «ting som tause forteljarar» med nysgjerrige, skarpe, underhaldande, undrande og analytiske blikk.

Utgåva vert lansert 8. august kl. 17 under Fest i Fjaler 2025

Du kan kjøpe Jaja:

Dersom du ynskjer å reservere ei utgåve og hente den hos Jakob Sande - senter for forteljekunst i Fjaler, kan du sende ein e-post til jaja@jakobsande.no.

Vi tilbyr ordinært abonnement og venskapsabonnement for deg som har hjarte for Jaja. Abonnementet inkluderer ei fysisk utgåve i året. Du kan også lese våre digitale utgåver gratis på tidsskriftetjaja.no.

I papirutgåva vil du blant anna finne bidrag frå:

  • Monica Goksøyr
  • Robin Van de Walle
  • E.V. Crowe & Erik Hovland
  • Siri Helle
  • Eli Fossdal Vaage
  • Brynjulf Jung Tjønn
  • Janne Karin Støylen
  • Rakeb Erana
  • Dubie Toa-Kwapong
  • Gunnstein Akselberg
  • Tekstkollektivet SKROT, med Vilja Antonsen, Emma Eggen, Algot Jennhag, Helle Linderud, Vilde Paasche & Sarah Safavifard, Vilma Wirenhed, Johanne Magnus, Mina Hussain, Silje Ramnefjell Schousboe, Synne Gulliksen og Ea Danielsen.
  • Heidi Hattestein
  • Marjam Idriss
  • Benedicte Sundsbø og Maja Raaen Hisdal
  • Lea Widding Bakken
  • Robert Haugen
  • Sivert N. Nesbø
  • Ruth Lillegraven
  • Elise R. Eikevik
  • Eva Meier
  • Signe Wohlfeil

Omslag og design: Maria Astrup. Redaktør er Tora Hope.

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Utvida opningstider i skulehuset før jul

Det vert utvida opningstider i skulehuset før jul. Om du vil sikre deg den nyaste forteljekoppen, ei god bok eller andre gåver frå Jakob Sande-senteret før jul, har du fleire sjansar.

Kulturrådet gir fleirårig støtte til Jaja

- Å få toårig støtte frå Kulturrådet er sjeldan for eit så ferskt tidsskrift. Det viser at Jaja held høg kvalitet og er eit viktig tilskot til tidsskriftmiljøet i Norge, seier forfattar og medlem i redaksjonsrådet Brynjulf Jung Tjønn.

Adventskalender i Jakob Sande-senter for forteljekunst

Kvar dag i advent deler vi eit sitat henta frå Sande si dikting. Kan hende veit du kva for dikt sitatet er henta frå? Første luke opna vi på fødedagen til Jakob, 1. desember.