Kjersti Wøien Håland er årets festdiktar

Med skarpt blikk, leikande språk og stor kjensle for det som rører seg i unge liv, har Kjersti Wøien Håland markert seg som ei viktig røyst i norsk litteratur. Ho skriv på nynorsk og løftar fram erfaringar frå distriktsungdom og unge vaksne – ofte med humor, alvor og ei særegen evne til å røre lesaren. No er ho årets festdiktar under Fest i Fjaler.

21.05.2025

Foto: Torbjørn Sundal Holen

Kjersti Wøien Håland er forfattar og manusforfattar, skribent og lyrikar. Ho har markert seg som ei røyst for dei unge vaksne og har auka merksemda rundt distriktsungdom og nynorskbrukarar. 

Kjersti Wøien Håland er fødd i Høyanger, har gått på Firda vidaregåande skule, tekstforfattarutdanning frå Westerdald Høyskole i Oslo, manusforfattarlinja ved Den norske filmskolen i Lillehammer. Håland har vore teatersjef ved studentteateret Teater Neuf i Oslo, har gitt ut fleire lyrikksamlingar og romanar og vore manusforfattar for mellom anna TV-serien Lovleg.

Håland sin forfattarskap synleggjer ein ung generasjon som leitar etter meining. Tekstane hennar er engasjerte, gripande og avslørande, tidvis sjølvutleverande. Alvor går hand i hand med humor, og både framandgjering og identitet er ofte tema. Forfattaren skriv på nynorsk og nyttar eit kortfatta, leikande og tydeleg språk.

Bibliografi

  • Vi må spele meir saman (Boksingel, Flamme, 2019)
  • Ikkje vekk dei vaksne (Lyrikk, Flamme, 2019)
  • Rasfare (Flamme, 2018)
  • Kom og hent meg (Lyrikk, Flamme, 2017)
  • Panikk! (Lyrikk, Flamme, 2015)
  • Dommedøgn (Roman, Flamme, 2014)
  • Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti (Lyrikk, Flamme, 2013)

Ta vel imot årets festdiktar i tunet. Du møter ho mellom anna på festscena under Augustikveld i Klokkargarden laurdag 9.august. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Den folkekjære forteljekunstnaren Jon Eikemo har gått bort

Den folkekjære forteljekunstnaren og skodespelaren Jon Eikemo har gått bort. Vi vil særleg hugse han for hans store engasjement for Jakob Sande si dikting, som han bar fram med kraft, klokskap og varme.

Møt Jakob Sandesenteret på Kvernsteinsmarknaden

Laurdag 7. juni besøker Jakob Sande - senter for forteljekunst Hyllestad og den årlege kvernsteinsmarknaden der. På standen finn du informasjon om Jakob Sandesenteret, eigne produkt som koppar, t-skjorter, bøker og dukar, samt aktuell nynorsk litteratur.

No blir det ungdomsakademi i forteljekunst i Sandesenteret

I juni tek Jakob Sande – senter for forteljekunst imot 22 elevar frå helse- og oppvekstfag ved Dale vidaregåande skule til to dagar med kurs og verkstader i skapande skriving og formidling, danning og fellesskap. Akademiet er ein pilot for eit programfag i skapande skriving og forteljekunst i den vidaregåande skulen.