Jakob Sande-bautaen 60 år

Fjaler kommune fekk reist ei byste av Jakob Sande som ei gåve til diktaren på 60-årsdagen i 1966. Det er no 60 år sidan og markerast på ymse vis.

12.05.2026

Foto: Ottar Starheim / NRK

Bysta er laga av bilethoggaren Waldemar Dahl. Jakob Sande var sjølv med på avdukinga og det heile vart foreviga av NRK. 

Det var Fest i Fjaler helga 19. og 20. november 1966 då Jakob Sande vart heidra av heimbygda. Dale musikklag opna med Norge, mitt Norge og Ut mot havet før Oddleif Fagerheim heldt avdukingstalen. Talen var ein hyllest til diktaren Jakob Sande, og han slutta med desse orda: "Kjære Jakob Sande, ta desse få og enkle ord frå ein representant frå dine eigne heimegrender som ei fattig takk for ditt livsens verk. Vi har sett deg her midt mellom oss - midt i flokken av den slekt som i all tid skal leve og stride, bu og byggje her." Fagerheim avduka så æresminnet og overleverte det frå nemnda til Fjaler kommune. I boka Ein storm frå vest skriv Herbjørn Sørebø om bysta og meiner det var Oddleif Fagerheim og dåverande ordførar Ola Sørebø som kom på tanken om å få den reist. Nemnda bestod av Fagerheim, Sørebø og Alf Solheim. Ordførar Sørebø tok imot og takka. - Merket vil stå her som eit uttrykk for alt vi har fått av Jakob Sande, og minne ungdomen om at Fjaler har fostra ein landskjend mann, sa Sørebø.

I år markerer vi at det er 60 år sidan avdukinga. 17. mai-toget i Dale legg løypa om staden bysta står og markerer jubileet ved at Dale musikkorps spelar "i marsjtakt", som er ein potpurri av tekstar av Jakob Sande, komponert av Jørgen Alisøy. 

Jubileet vil også bli markert seinare i år, under Fest i Fjaler 14.-16.august og på 120-årsdagen for fødedagen til Jakob Sande 1.desember. 

Bautasteinar er eitt av dei siste dikta til Jakob Sande og er henta frå samlinga Det kveldar på Kobbeskjer. Det signaliserer kan hende at eit æresminne i stein ikkje var så viktig for Jakob Sande, at det var orda hans som skulle stå att etter han. Likevel var det nok ei ære for han at Fjaler kommune heidra han med ei byste i heimbygda Dale. 

Bautasteinar

Det kan no so ymse vera

med eitt og hitt.

Kvar har vel sitt å bera,

eg har mitt.

 

No vil vel dei fleste seie

at eg bar mest.

Sjølv vil eg heller teie,

det høver best.

 

Men kviskra i løynd går orda

frå mann til mann:

Han her grov sitt pund i jorda

-ferdig med han.

 

So Herren vår Gud bevare

alle som ein!

Her kan vi trygt bespare

ein bautastein.-

 

Nei, ta det med ro, småsveinar,

trø stilt på jord.

Eg har reist mine bautasteinar

i ord.

Jakob Sande

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Stor pågang til residensordninga – 89 søkarar vil skape i Jakob Sande sin barndomsheim

Blant søkarane finn vi både etablerte forfattarar, ferske skribentar, kunstnarar og internasjonale aktørar. I år har vi særleg oppmoda studentar til å søke, og det er gledeleg å sjå at fleire har gripe denne moglegheita.

Fulle hus for Jakob Sande i hovudstaden

Jakob Sande-minifestivalen samla eit stort publikum i Oslo då 120-årsjubileet for diktaren vart markert. Med "Kvinna" som årets tema utforska festivalen nye perspektiv og løfta fram nye stemmer, inspirerte av Sande si dikting og den litterære arven etter han.

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.