«No fyller eg nitti vetrar til jol, det lakkar so smått og lider.» Olav Vesaas, til lukke!
Helsing til Olav Vesaas på 90-årsdagen
«No fyller eg nitti vetrar til jol, det lakkar so smått og lider.»
Slik byrjar Jakob Sande sitt dikt “Gamle-Jo talar”, og sundag 21.desember fyller journalist og forfattar Olav Vesaas 90 år.
Jakob Sande - senter for forteljekunst gratulerer så mykje med dagen. Som ei sentral røyst innan norsk litteratur og forteljekunst har Olav Vesaas gjennom mange år formidla språk, litteratur og kultur til menneske over heile landet.
Senteret minnast òg kameratskapen mellom Halldis Moren Vesaas og Jakob Sande, som viser kor sterke band litteraturen kan skape.
Vi ønskjer Olav Vesaas ei god 90-årsfeiring og ei like eins julehøgtid.
Kva er det som gjer at vesle Fjaler kommune får til ei samordna satsing på kultur som basis for samfunns- og næringsutvikling? Og korleis kunne ein få til det same i Nordhordland? Dette har avisa Nordhordland sett nærare på etter eit studiebesøk til kulturkommunen Fjaler.
Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.