Med diktet “Salme” ønskjer vi ei god påske. Diktet vart fyrst publisert i diktsamlinga Storm frå vest i 1931. Salmen er ei bøn til Jesus, med referanse til skjærtorsdagsnatta i Getsemane og korsfestinga langfredag.
Akvarell til diktet av Anne Borgen Hiorth
Salme
Du som låg i natti seine
sorgtung, vanvyrd og åleine,
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde,
stridsmann frå Getsemane!
Du som spotta vart og banna,
krynt med klungerkrans um panna
medan augo brann i sorg,
du som stod i namnlaus pine,
skild frå dei du kalla dine,
einsam i Pilati borg.
Du som hekk til krossen nagla
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
“Fader, kvifor gjekk du frå meg?”
Å, lat nådens blodstraum nå meg,
offerlamb frå Golgata!
Lær mi sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
so eg frelst mitt auga vender
upp til deg på krossen, du.
J.Sande
I år er det 120 år sidan diktaren Jakob Sande vart fødd. Det vil vi markere under Fest i Fjaler 14.-16. august og på fødedagen til Jakob 1. desember.
I mars samla vi folk og miljø med forteljing som kjerne i si verksemd til Sandeseminaret. Høgt på agendaen stod eit eige programfag i skapande skriving og forteljekunst i vidaregåande skule.