Vi i Jakob Sande - senter for forteljekunst ønskjer medlemmer, støttespelarar, samarbeidspartnarar og alle gode vener ei fredeleg og god julehøgtid!
Vi ser tilbake på eit rikt år i eit levande kulturmiljø. Vi tek med oss alle gode samtalar, menneskemøte og opplevingar inn i julehøgtida, og ser fram til å halde fram det viktige arbeidet med å løfte forteljekunsten i 2026!
Neste veke er det akademi og Fest i Fjaler i Jakob Sande-senter for forteljekunst og du er hjarteleg velkomen til å vere med!
Kva er det som gjer at vesle Fjaler kommune får til ei samordna satsing på kultur som basis for samfunns- og næringsutvikling? Og korleis kunne ein få til det same i Nordhordland? Dette har avisa Nordhordland sett nærare på etter eit studiebesøk til kulturkommunen Fjaler.