Søknadsfrist for opphald i 2026 er 1. november 2025.
Er du forfattar, omsetjar, diktar, kritikar, forskar, forteljar eller ønskjer utvikle din skapande praksis? Då kan du søkje opphald i diktarresidensen og bu i barndomsheimen til Jakob Sande i inntil to månader. Du kan søkje om opphald åleine eller saman med ei gruppe.
Dale er ein triveleg tettstad i ei levande bygd med eit utprega kreativt og skapande miljø. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå folk som har hatt opphald her. Dei trivst godt!
Ei eiga stove og ein skriveplass, kjøken, bad, to soverom og vaskerom står til fri disposisjon. Du betalar ikkje leige, men vi ønskjer ein arbeidspresentasjon og ope hus ved slutten av opphaldet.
Kva er det som gjer at vesle Fjaler kommune får til ei samordna satsing på kultur som basis for samfunns- og næringsutvikling? Og korleis kunne ein få til det same i Nordhordland? Dette har avisa Nordhordland sett nærare på etter eit studiebesøk til kulturkommunen Fjaler.
Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.