Det riggast og rører seg i Klokkargarden, noko skummelt er på gang! Valfaggruppa "Produksjon for scene", teatergruppa og koret Dekor jr. ved Kulturskulen i HAF byr på ei stemningsfull oppleving full av teater, song og aktivitetar. Tør du å kome?
Bak dei skumle kulissane og dei levande lysa står eit heilt fellesskap av frivillige og tilsette som førebur årets grøssande høgdepunkt. Volontørane frå Frivilligsentralen bidreg, det same gjer frivillige frå Jakob Sande-selskapet og Dale Ungdomslag. Tilsette frå Kulturskulen i HAF og frå Sandesenteret sørgjer for at alt frå teater og song til rigging og dekor går på skinner. Her er mange hender i sving for å gjere kvelden uforgløymeleg!
I systova tryllar Eva Meier og Margrete Reisæter fram kostymer til valfagsgruppa, som øver på replikkar og skumle aktivitetar. Fabel Barneteater øver på song og på å vere skumle, medan bollebakarane i bakgrunnen planlegg sin heilt eigen skumle bakst.
Torsdag kjem UWC-studentar for å rigge arenaene, og då fell alt på plass. Det einaste du må gjere, er å kome!
Om du vågar deg ut denne kvelden: Velkomen til Grøss og gru i Klokkargarden fredag 31. oktober kl. 18.
Det er gratis og ope for alle. Oppmøte ved Studio Nova.
Bli betre kjend med diktar og forteljar Jakob Sande og skulestyrar og folkeminnesamlar Nikka Vonen.
Opera Kysten legg ut på sommarturnè. Tysdag 21. juli legg dei til kai i Dale og held konsert i Løa.
La borna bli betre kjend med diktaren Jakob Sande gjennom natursti, ordjakt, quiz og kreative aktivitetar.
Kva er det som gjer at vesle Fjaler kommune får til ei samordna satsing på kultur som basis for samfunns- og næringsutvikling? Og korleis kunne ein få til det same i Nordhordland? Dette har avisa Nordhordland sett nærare på etter eit studiebesøk til kulturkommunen Fjaler.
Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.