Bli med på akademi innom munnleg og skriftleg forteljekunst

Bli med på akademi over tre dagar, der du kan utvikle evnene dine innom munnleg og skriftleg forteljekunst. 18. - 20. juni arrangerer vi akademi med kurs, samtalar, føredrag og vandringar i Jakob Sande - tunet og i Nikka Vonens pikeskole på Steia Gard. Begge kulturmiljø som har vore, og framleis er, stader for utvikling og fellesskap.

12.05.2025

Du kan melde deg på einskild kurs, føredrag, berre ein av akademidagane eller heile akademiet. 

Arkiv

Aktuelt fra Jakob Sande-senteret

Stor pågang til residensordninga – 89 søkarar vil skape i Jakob Sande sin barndomsheim

Blant søkarane finn vi både etablerte forfattarar, ferske skribentar, kunstnarar og internasjonale aktørar. I år har vi særleg oppmoda studentar til å søke, og det er gledeleg å sjå at fleire har gripe denne moglegheita.

Fulle hus for Jakob Sande i hovudstaden

Jakob Sande-minifestivalen samla eit stort publikum i Oslo då 120-årsjubileet for diktaren vart markert. Med "Kvinna" som årets tema utforska festivalen nye perspektiv og løfta fram nye stemmer, inspirerte av Sande si dikting og den litterære arven etter han.

Paula Elena Ramos – Artist in Residence

For the next three weeks, Paula Elena Ramos from Spain will be in residence at Jakob Sande's childhood home, here at the Sande centre.