I 2026 er det 120 år sidan Jakob Sande var fødd. I høve jubileet skipar vi ein ny tradisjon, og inviterer ein framifrå formidlar til å halde det første Sandeføredraget.
Foto: Oda Berby
I diktinga til Jakob Sande finn vi eit mangfald av tema, haldningar og verdiar, frå djupaste alvor til folkeleg humor. I form spenner dei frå grovkorna burleskar til klassiske sonettar. Ei grunnhaldning er ei sterk medkjensle med alle som fell utanfor. Sande samla på forteljingar frå folk og miljø rundt seg, som han skapte om til dikt i verdsklasse. Sandeføredraget skal vere eit årleg føredrag i Jakob Sande si ånd.
Forfattar og historikar Aina Basso blir den første til å halde Sandeføredraget, under opninga av Fest i Fjaler fredag 14. august.
Med sine prisvinnande historiske romanar, løftar Basso (f. 1979) fram røyster frå historia som ofte blir gløymde. Særleg skriv Basso om kvinnelege liv, erfaringar og vilkår. Basso har eit lyrisk, originalt og presist språk, og seier mykje i si stilsikre og ordknappe form. I arbeidet sitt legg ho i stor grad historiske kjelder til grunn, og til liks med Sande samlar ho forteljingar og løftar dei som levde i trange kår.
I tillegg til å halde Sandeføredraget skal Basso samtale om den siste boka si, Før det blir morgon, laurdag under Fest i Fjaler.
Vokalensemble SPOR kjem til Fest i Fjaler og Augustikveld i Klokkargarden laurdag 15. august.
På Fest i Fjaler lanserer vi ny papirutgåve av Tidsskriftet Jaja!