Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Jakob Sande. Diktaren og bygdesamfunnet

Opphav: Svensøy, Ivar
Utgivelsesår: 1976

Jakob Sande. Diktaren og bygdesamfunnet. Hovudoppgåve, Universitetet i Bergen,1976. 117 sider.

Sosiologisk-inspirert tolking av Sande sine noveller. Svensøy ser klasseskiljet mellom storfolk og bønder som eit hovudmotiv i novellene, som viser fram eit lagdelt samfunnfylt av urettferd og ulikskap. Gjennom novellene avslører Sande ideologien og drivkreftene bak den samfunnsskapte urettferda.Innleiingsvis gjer Svensøy greie for Sande sitt liv og forfattarskap, og har eit større kapittel om sosiale og økonomiske forhold i Noreg og i områda kring Dalsfjorden i tidsrommet 1850-1940. I hovudkapitlet tolkar Svensøy nærare ni noveller som viser ulike sider ved samfunnsliv og samfunnsutvikling.Temaoverskriftene og novellene som er tolka er:To bygdesamfunn i vanskar ("Opprør" og "Eit herrens ver"), Det økonomiske systemet og menneskeverdet ("Slitaren" og "Kari-Henrik oghunden"), Ei ny tid med nye verdiar ("Den dyreretten"), Økonomi og religiøsitet ("Skifte" og"Legende"), Klasse- og kulturstrid ("Trondhjemsuppa" og "Skarlagensnora").

 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys