Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Lyrikken til Jakob Sande

Opphav: Magerøy, Hallvard
Utgivelsesår: 1946

"Lyrikken til Jakob Sande", i: Figaro,1946,s.34-44.

Med utgangspunkt i det første møtet med Sande sine dikt, gjev HM eit kort oversyn over tema, motiv og forfattarholdning ("ei viss aristokratisk avstengjing") i Sande sin lyrikk. Han skriv kort om språk og versetypar - og freistar med ein karakteristikk av forfattarens personlegdom ("Under det harde skalet lever eitkjenslerikt sinn.."). Deretter tek han føre seg diktsamling for diktsamling og peikar påsærtrekk og sterke og svakare sider ved dei. Dei første samlingane er kraftige og særmerkte, men og med ungdommelege overdrivingar (som i"Likfunn"). Frå Sunnfjord til Rio er eit monaleg kunstnarleg framsteg for forfattaren,emnekrinsen er vidare og det er ein varmare tone i dikta. Samstundes vert Sande no meir kritisk og måtehalden i verkemiddel-bruken. Med etterkrigssamlinga Guten og grenda når Sande eit nytt høgdepunkt.

 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys