Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Jakob Sande i Syn og Segn

Opphav: Jerstad, Johan
Utgivelsesår: 1933

"Jakob Sande", Syn og Segn, 1933, s.178-182. Første større artikkelen om Jakob Sande med mange gode og personlege karakteristikkar av Sande sine dikt. Jerstad peikar på at Sande helst må ha dramatiske emne å skrive om :"Ein blid sumardag hev ingen dramatikk, men det hev stormen og uveret." Sande kan nok terge oss med dikta sine, men "...han blidkar oss att med målet sitt... Slik syng norsk mål når det vert rett medfare...Stort sett er Vestlandet eit Sahara i målvegen, men med ein og annan oasen.

Ein slik oase er der millom Nordfjorden og Sognefjorden... Her høyrer Jakob Sande heime."Det kan nok guste kaldt av dikta hans, men der finst og ein sterk humor. Jerstad slår fast at Sande har gode diktarevner, men peikar og på veikskapar: "Han hev ei god smidje med god reiskap og ein sterk arm til svinga hamaren.Men det er noko lite varme på avlen."

 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys