Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Dikting og filologi. Ein studie i Jakob Sandes prosaspråk

Opphav: Guddal, Leiv
Utgivelsesår: 1971

Dikting og filologi. Ein studie i Jakob Sandes prosaspråk. Hovudoppgåve, Universitetet i Bergen, 1971. 127 sider.

Føremålet med denne oppgåva er "...å finna ut i kva grad Sande har late seg diktera av filologien - det vil i denne samanhengen seia rettskrivingsnormalar" (s.2). Guddal analyserer språket i novellesamlingane Straumar i djupet (1935) og Eit Herrens ver (1943) med vekt på detaljar innanfor rettskriving, formverk, ordbruk og setningsbygnad og gjer grundig greie for avvik frå rettskrivingsnormalane. Konklusjonen er: "Jakob Sande har ikkje tileigna seg skriftspråket på alle omkverve...formverket syner ei blanding av gammalt og nytt, av målføre og av bokmål; syntaksen viser avvik frå oppsette mønster - likevel er det lett å forstå det Sande skriv" (s.124). Mange av avvika frå rettskrivings-normalen treng ikkje forklarast som bokmålspåverknad, men er i samsvar med Sande sin eigen dialektbakgrunn, skriv Guddal i denne avhandlinga som helst er for spesielt interesserte.

 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys