Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Jakob Sande og det makabre

Opphav: Grønstøl, Sigrid Bø
Utgivelsesår: 1992

"Ei fekting for det skamnakne liv. Jakob Sande og det makabre", i: Jakob Sande 1992, s.25-47.

Ei spennande nylesing av Sande sine dikt med feste i psykoanalytisk teori: "Men det finst ei uro i dikta. Ei spenning mellom harmoni og disharmoni. Noko urovekkande som dikta prøver å ordna opp i...Slik eg les Jakob Sande har denne uroa eksistensiell karakter. Eg finn ei tragisk livshaldning: Ein lengt etter livsharmoni kopla med desillusjon. Ei livsglede stadig broten opp av innsikt i liding, einsemd, aldring og død. Og eg finn ironisk punkterte overlevingsstrategiar." Medan mange dikt i innhaldet sitt søkjer mot kaos, oppløysing og død i dystre fantasiscener, kontrollerer forfattaren denne undergangen med regelfast språk og strofeformer. "Slik er Jakob Sande, med sin skamnakne realisme, med sine grøss og si uhygge - og sin avvæpnande og herlege humor - ein moderne forfattar. For han vaktar sitt eg og vår skjøre kultur."

 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys