Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Eg har reist mine bautasteinar i ord. Om Jakob Sandes liv og dikt

Opphav: Sørebø, Herbjørn
Utgivelsesår: 1986

"Eg har reist mine bautasteinar i ord. Om Jakob Sandes liv og dikt." Syn og Segn, 1986, s. 237-243.

Den mest omfattande av Sørebø sine tekstar om denne "Vestlandets Alf Prøysen" som han kalla Sande ein gong. Sørebø skriv om ein forfattarsom var fast røtt i det miljøet og den naturen han opplevde som barn. Han har med dei viktigaste biografiske data om Sande og skriv om slekt og personar som betydde mykje for han (faren, morfaren og lensmanen Kolbein Melvær).Sørebø peikar og på det litterære slektskapet med Bellman, Dan Andersson og Patter Dass. Artikkelen er ei fin oppsummering av sentrale sider ved Sandes forfattarskap: opprørsdikta,naturdikta, kjærleiksdikta, humoristen og ironikaren. Sørebø har med mange lystige anekdotar om Sande, og rundar av med å slå fast at "knapt nokon annan norsk lyrikar blir lesen så mykje som Jakob Sande. Han har framleis meir å seie vanlege menneske enn moderne lyrikarar som vil gjere seg til tolk for folket."

 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys