Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Open invitasjon til forfattarar


Diktarbustad i Jakob Sande-tunet

Open invitasjon!


Er du forfattar og treng ein roleg og inspirerande stad å arbeide for ein periode ?

Vi lyser no ut opphald for forfattarar i Jakob Sande sin barndomsheim i Fjaler, Sogn og Fjordane.

Våningshuset i vakre Klokkargarden i Dale vart renovert som diktarbustad i 2017.

Du kan søkje om opphald på inntil 2 månader. Då får du disponere eiga stove og skriveplass, kjøken, bad og 2 soverom.

Du kan søkje som forfattar eller som ei mindre gruppe i samarbeid.

Du betalar ikkje leige, men vi ynskjer ein arbeidspresentasjon ved slutten av opphaldet.

Interessert ?

Send oss ein søknad innan 1. juni til selskap@jakobsande.no

Sjå også facebook med foto Jakob Sande-tunet



Sist endra: (10.05.18 - 13:45)   Attende til startsida
 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys