Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Utbygging/

Dugnad



2010

Siste dugnad vart avvikla med Safuge -studentar frå UWC. Store tunge teaterkulissar og flaker skulle ut og all snøen gjorde det ikkje heilt enkelt... men det var berre smilande fjes å sjå!

Bilde og tekst kjem....

 

2009

Nok ein dugnad er over

Arne Kyrkjebø ryddar ut av løa i Klokkargarden.

Laurdag 31. oktober samlast ein gjeng, folk både frå lokalsamfunnet og EVS volontørar frå Tyrkia, Tyskland, Polen og Latvia. Dei fekk ut ymse, noko kunne brennast, noko kunne gå til ved eller nyttast opp att og resten måtte i containeren til sortering. No er vi eit steg nærare Jakob Sande-senteret!

Det er første høgda som skal byggast om først. Dale vgs er begynt og no skal murar og snikkar til.

Begge foto: Asbjørn Eikerol

 

Første dugnaden

- vart gjennomført med stor og god hjelp frå studentar på UWC i Flekke  (Foto Maria Teresa Juliano)

Ein ivrig gjeng frå den internasjonale skulen  UWC på Haugland i Flekke, deltok på første dugnaden i Klokkargarden i haust. Det skal gjerast klart for ombygginga av løa. Ingenting å sei på innsatsen! Desse studentane er med i sjølvdreven hjelpeorganisasjon, kalla SAFUGE - SAve the FUture Generations. Inntekta for arbeidet dei gjer, går til prosjekt for hjelpetrengande i t.d. Sierra Leone.



 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys