Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Selskapet/

Vedtekter



VEDTEKTER FOR JAKOB SANDE - SELSKAPET

Sist endra på årsmøtet 26.03.2007


§ 1 OMFANG

Jakob Sande-selskapet er eit landsfemnande lag av einskildpersonar, organisasjonar, skular, verksemder, institusjonar, kommunar og fylkeskommunar.

Selskapet er ein sjølvstendig juridisk person, stifta på diktaren sin fødselsdag, 1. desember 1991.


§ 2 FØREMÅL

Selskapet sitt føremål skal vere å styrke interessa for Jakob Sande sitt forfattarskap og å utvikle Klokkargarden til eit Jakob Sande-senter.

Dette kan mellom anna gjerast ved å:

• formidle stoff av og om diktaren gjennom arrangement, utgjevingar og på andre måtar.
• ta vare på og vidareutvikle Klokkargarden og Jakob Sande-museet i nært samarbeid med andre lag og organisasjonar, næringslivet og kommunen.
• samarbeide med kommunen for å gjere Klokkargarden til eit levande kultursenter som del av kommunen sin tusenårsstad, og for å utvikle og formidle den i reiselivssamanheng.


§ 3. MEDLEMSKAP

Medlemskap i selskapet oppnår ein ved å godkjenne selskapet sine vedtekter og betale årskontingenten.

Årskontingenten følgjer kalenderåret og kan variere for ulike kategoriar medlemer. Årskontingenten vert fastsett kvart år av årsmøtet.


§ 4 STYRE OG ARBEIDSUTVAL

Selskapet har eit styre på 8 medlemer med 2 eller fleire vararepresentantar.
Styremedlemene, med vararepresentantar, vert valde på årsmøtet for 2 år om gongen 5 av styremedlemene og 2 av vararepresentantane skal vere frå Fjaler eller nærmiljøet til Fjaler. Desse medlemmene utgjer arbeidsutvalet.

Styret skal kallast inn til møte minst to gonger årleg. Heile styret skal ha tilsendt innkalling og møtebok for arbeidsutvalet, og har møte- og talerett på møta i arbeidsutvalet.

Styret og arbeidsutvalet er vedtaksføre når minst halvparten av medlemmene er til stades. Leiaren har dobbelstemme ved stemmelikskap.

Styret skal leie selskapet etter vedtektene og dei vedtaka årsmøtet fattar.

Arbeidsutvalet har ansvaret for den daglege drifta av selskapet etter dei retningslinjer som årsmøtet og styret har fastsett.

Årsmøtet kan gje arbeidsutvalet fullmakt til å ta opp lån mot pant i eigedommen.

§ 5 LOKALE LAG

Som underavdelingar av det landsfemnande laget kan det opprettast lokaIe lag.

Styret godkjenner opptak av lokale lag og vedtekter for desse.

§ 6 REKNESKAP

Rekneskapen skal førast av godkjent rekneskapsførar. Styreleiar eller dagleg leiar attesterer alle utgiftsbilag. Leiar og nestleiar har prokura og underteiknar i fellesskap.
Styret kan gje prokura til forretningsførar og dagleg leiar når slik stilling vert oppretta.

§ 7 REVISJON

Revisorar blir valde av årsmøtet etter tilråding frå valkomiteen. Revisjonsmelding skal utarbeidast og leggjast fram for årsmøtet.

§ 8 ÅRSMØTET

Årsmøte skal haldast innan utgangen av mars kvart år.

Årsmøtet handsamar årsmelding og rekneskap, arbeidsplan, vedtektsendringar og vel styre og to revisorar. Leiar skal veljast særskilt kvart år.
Årsmøtet vel ei valnemnd på 3 personar som skal førebu vala på neste årsmøte.

Tid og stad for årsmøtet, førebels sakliste og frist for innsending av saker skal kunngjerast med 1 månads varsel. Saker som skal handsamast på årsmøtet, må vere styret i hende 14 dagar før møtet.

Endeleg innkalling med fullstendig saksliste vert send ut seinast 1 veke før møtet.

§ 9 EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Ekstraordinært årsmøte kan kallast inn av styret med 14 dagars varsel. Berre dei sakene som er årsak til innkallinga skal handsamast på møtet.

§ 10 VEDTEKTSENDRINGAR

Framlegg til endring av vedtektene skal sendast styret innan 1.februar.
Gyldig vedtak kan fattast på ordinært årsmøte med 2/3 fleirtal.

§ 11 OPPLØYSING

Oppløysing av selskapet kan berre skje etter handsaming på 2 etterfølgjande årsmøte. I begge tilfelle må det vere 2/3 fleirtal for oppløysing.

Ved oppløysing skal selskapet sine verdiar settast av til eit fond og nyttast til føremål nemnde i § 2 i vedtektene. Fjaler kommune forvaltar fondet. Berre dei sakene som er årsak til innkallinga skal handsamast på møtet.

 



 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys