Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Utbygging/

Utbygging av våningshuset


fasadesnitt våningshus
Foto:MNAL Erling Hjelle


Våningshuset vart uformelt opna 28. august 2016 med ope hus.

Arkiv:

Arkitekt MNAL Erling Hjelle, 6968 Flekke, har teikna plan for ny bruk av våningshuset og løa i Klokkargarden, g nr 64, b nr 45. Dette har vore drøfta med styret undervegs.

Planen for våningshuset er i korte trekk å byggje huset om til ein forfattarbustad med bustad, studieplassar, kontor - og møtelokale. På årsmøtet 26.03.07 fekk styret fullmakt til å prioritere stegvis utbygging og ta opp lån. Seinare vart det klart at berre løa kom innunder fylkeskommunen si kulturbyggordning. Det er ikkje teke kontakt eller sendt søknad om støtte til andre instansar for våningshuset.

Utbygging av våningshuset vart difor ikkje sett i verk grunna den økonomiske situasjonen. På styremøte 14.03.10 vart saka diskutert. Det må gjerast noko med våningshuset no og kjøkken må prioriterast. Arkitekt Hjelle skal kontaktast for moglege innandørs endringar av teikningane - som å behalde kjøkenet der det er no.

Ny giv

Prosjektet "Preform" i Fjaler har vore kobla til utbygging av våningshuset. Mette Karlsvik har vore engasjert for å sjå på moglegheiter for å ta i bruk huset som forfattar-residens og det har vore tett samarbeid mellom styret v/ Miriam Prestøy Lie, Ingeborg Opdøl Tysnes og Margrete Reisæter, og Preform v/ Arild Bergstrøm og Ingrid Hansen. Resultatet har vore fruktbart og pr 23.10.13 er økonomien på plass med eit budsjett på rundt 1,6 mill. Arbeidet med renovering er i gong.

Full renovering 2014-15

Byggjenemnda for dette huset er Stig Nordrumshaguen, Magne Søgnen og Margrete Reisæter. Budsjettet måtte etterkvart justerast og er no på 1,9 mill. Vi vil leggje meir informasjon og foto etter kvart.




Plan løa og våningshus.pdf
 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys