Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Utbygging/

Utbygging av løa


Ivrigaste målaren
Foto:M. Reisæter


Her er gammalt og nytt om utbygginga av løa. Rull nedover og les deg framover:

Historikk

Arkitekt MNAL Erling Hjelle, 6968 Flekke, har hatt i oppgåve å teikne plan for ny bruk av våningshuset og løa i Klokkargarden, g nr 64, b nr 45. Dette har vore drøfta med styret undervegs. På årsmøtet 26.03.07 fekk styret fullmakt til å prioritere stegvis utbygging og til å ta opp lån. Søknad vart sendt fylkeskommunen om støtte til lokale kulturbygg. Men søknaden som femna både om våningshuset og løa, var ufullstendig og Fjaler kommune hadde heller ikkje "velsigna" den. Det vart avslag.

2008

Ny søknad vart sendt fylkeskommunen og det var på førehand avklart at berre løa kom under denne ordninga. Det vart gjort avtale om lån i Fjaler Sparebank. Men vi fekk avslag grunna mangel på midlar hos fylkeskommunen, søknaden var det derimot ikkje noko feil ved.

Riving av skut hadde starta og avtale var gjort m.a. med Dale vgs som skulle utføre tømrararbeidet. Styret valde å halde fram med dei midlane vi rådde over og nytt tilbygg kom opp til sommaren 2008. Vidare utbygging vart derimot stogga, grunna den usikre økonomiske situasjonen.  

2009

Ny søknad vart sendt i 2009 og denne gongen fekk vi tildelt midlar. Det vart oppnemnd ei byggjenemnd: Arne Kyrkjebø, leiar, Sigvald Bortheim og Ingeborg Opdøl Tysnes.

På møte i arbeidsutvalet 17.09.09 vart bygginga diskutert. Det vart referert frå arbeidet i byggjenemnda og gjennomført ei synfaring i løa for å sjå kor langt ein var komen og kva som må gjerast før bygginga kan starte. Dale vgs jobbar to dagar i veka på tilbygget som skal verte kjøken og toalett. Etter tilbodsrunden for hovudarbeidet fekk entreprenør Arne Mortensbakke tilslaget. 

Det vart gjort vedtak om å følgje arkitektplanane som dei står og det som byggjenemnda har foreslått av endring. Det er at løebrua, både inne og ute skal takast bort. Golvet i salen oppe vil verte heilt flatt og rommet vert utnytta best mogleg og gjer det fullt ut tilgjengeleg for rullestol. Byggjeavtale med A. Mortensbakke vart seinare underteikna. Dette sto å lese i medlemsmelding som kom ut til alle medlemane i selskapet i desember 2009

Det vart gjennomført eit par dugnader, mellom anna av Safuge-studentar frå United World College i Flekke.

2010

Tilrettelegging og bygging er i gong etter ein kald og snørik vinter! Tilbygget eller skuten som det også vert kalla, er ferdig og golvbelegget er lagt. Fjøsen er utgravd og planert og klar til hellelegging. Låvebrua inne er vekke og det er lagt inn fleire jarnskinne for å ere golvet slik at ein slepp søyler nede.

Framlegg til fasade-endringar med grunngjeving, utført av Erling Hjelle, er levert Fjaler kommune v/ teknisk kontor 13.04.10 og er no offentleg informasjon. Dette skal også godkjennast av AU og fylkeskulturkontoret.

Dette er grunngjeving for endringa (datert 10.04.10)

Restaurering/ombygging av løa i Klokkargarden.
Søknad om endringar i fasade og uteområde

Vi viser til tidlegare godkjend plan for ombygging av løa på Klokkargarden.

Byggenemnda har vurdert tilkomst og utnytting av låven og funne at desse omsyna ikkje er løyste på ein god måte i dei opphavlege planane. Nemnda har difor rådd til at låvebrua vert senka og at det øvre låvegolvplatået vert teke bort slik at heile flata over fjøset vert på samme plan. Endringane er godkjende av styret og årsmøtet i Jakob Sande-selskapet.

På vegne av Jakob Sande-selskapet søkjer vi Fjaler kommune om godkjenning av desse endringane slik dei går fram av arkitekt Erling Hjelle sine teikningar av 10.06.2009

Utdjuping og grunngjeving av endringsframlegget :

1. Betre utnytting av låven.
Arealet inne på låven vert langt meir anvendeleg til ulike føremål når golvet er flatt. Låvegolvet som låg midt i bygget, om lag 1,5 m over resten av golvet, gjorde det svært vanskeleg å nytte søndre del av låven på ein fornuftig måte. Slik det no er planlagt, får vi ei open løysing med ei golvflate på 90 kvm. Det vil ikkje lenger vere trapper og ulike nivå inne som gjer det vanskeleg for funksjonshemma å ta seg fram og nytte lokalet. Den opne løysinga gir langt større fleksibilitet for utstillingar, work shops, nærteater og andre kulturaktivitetar.

2. Lettare tilkomst
Eksisterande låvebru har stigning 1:4,5. Det gjer tilkomsten for rullestolbrukarar svært vanskeleg. Senking av låvebrua vil gi langt betre tilkomst for alle, sjølv om vi ikkje heilt ut greier å tilfredsstille stigningskrava som gjeld for universell utforming.

3. Betre fasadeløysing
I opphavleg plan var det teikna ei stor glasdør som hovudinngang til låven. No er det planlagt ei tofløya heiltredør som vil vere i samme stilen som eksisterande låvedør, og med eit vindusfelt over. Etter byggenemnda sitt syn vil denne løysinga gjere at fasaden i større grad vil bevare låvepreget.
Eksisterande låvebru er i to nivå, der øverste nivået fører inn på øvre låvegolv, medan nivået på sidene fører inn til nedre låvegolv. No vil det bli ei låvebru om lag midt på løa og terrenget på begge sider vil bli senka slik at den nye låvebrua vil framstå som ein naturleg tilkomst til låven. Det vil gje ein harmonisk fasade og gje rom for betre utforming og utnytting av uteområdet.

Ingrid Fagerheim, Dale har hatt eit lesarinnlegg i avisa Firda 12. april der ho kritiserer avgjerda mot å fjerne innvendig og utvendig låvebru. Firda hadde 16. april reportasje om utbygginga av løa . Dei vitja Klokkargarden og møtte styreleiar Margrete Reisæter og arkitekt Erling Hjelle. I tillegg var det oppslag om ein som kritiserer sterkt styret, dei same planane og framgangsmåten, Torodd Fagerheim i Dale.

Her er utdrag av referat frå møtet i  AU 19. april der saka var oppe til drøfting:

Tilstades: Margrete Reisæter, Ingeborg Tysnes, Jørgen Alisøy, Per Arne Tveit, Anna Atterås og dagleg leiar Therese K. Tokle. Heile styret med vara får alltid tilsendt møteinnkalling og referat.

014/10 Utviklinga i utbygginga av Klokkargardsløa
Saka er no sendt frå Fjaler kommune til Fylkeskommunen og avdeling for kulturvern, for ei kulturfagleg vurdering.

Byggenemnda har hatt synfaring 19.04.10; Mortensbakke har kome i gang med arbeidet, og golvbelegg i tilbygget er ferdig. På grunn av problem med fukt, må det drenerast rundt heile huset. Det er gjort eit framlegg om at golvet i fjøsen skal vere i teglflis, men Erling Hjelle skal undersøke prisar også for andre materialar t.d. skifer. Mattilsynet skal inn og sjå på det nye kjøkenet, og byggenemnda tek kontakt med dei. Referat frå møte i byggenemnda skal sendast til Therese som sender det vidare til styret.

Dei nye teikningane vart motteke den 13.04.10: Den store låvebrua senkast til eit lågare plan, og den blir snudd inn mot tunet. Det å gje ei gammal bygning ein ny funksjon kan gjerast t.d. med gjenbruk av steinane frå låvebrua og å gjenbruke materiale frå den gamle, innvendige låvebrua til benkar inne i andre høgda.

Anna Atterås kom med dette framlegget: AU vil behalde dei to låvebruene i tråd med opphavlege teikningane frå 15.03.07 og ikkje gjere nokre endringar på dette.
Resultat: 1 stemme for og 4 stemmer imot.

Styreleiar sitt framlegg: AU godkjenner dei nye teikningane som føreligg pr. i dag, 19.04.10, og går vidare med planlegging.
Dette framlegget vart vedteke med 4 mot 1 stemme.

Vedtak:
1) AU godkjenner dei nye teikningane som føreligg pr. i dag, 19.04.10, og går vidare med planlegging.
2) AU gjev mandat til byggenemnda for å utarbeide uteområdet. Erling Hjelle lagar ein arbeidsplan og hentar inn anbod for utforming av uteområdet.
3) AU gjev fullmakt til styreleiar og dagleg leiar til å finne 3 personar som skal utgjere ei interiørnemnd. Personar som har kunnskap og interesse for interiør og praktisk erfaring i høve kjøken og uteservering er aktuelle

Dagleg leiar og styreleiar lagar eit referat om saka og vedtaka vert sendt avisa Firda.

PS Firda tok kontakt sjølve og hadde eit lite oppslag 22. april. Ta gjerne kontakt med oss om du vil vite meir: selskap@jakobsande.no

Murar Andreas Langeland i aksjon i fjøsen 26.05.2010

Raudfargen delvis på plass 26.05.2010

Brev frå Sogn og Fjordane fylkeskommune datert 12.05.2010

Sakshandsamar: Knut Åland

Fjaler - gbnr 64/45 KLOKKARGARDEN OMBYGING AV LØE

Vi viser til brev av 21.04.2010, der Fjaler kommune ber om uttale i nemnde sak.

Jakob Sande-selskapet har sendt inn søknad om endring av tidlegare byggeplanar for løa i Klokkargarden. Slik vi oppfattar saka, er det snakk om å senke ein del av golvet på sjølve låven. For at låvebrua så skal samsvare med låvegolvet, medfører dette at toppen av låvebrua må senkast tilsvarande. Den tidlegare planlagde låvedøra, med store glassflater, kan no erstattast av ei låvedør med meir tradisjonell utforming.

Klokkargarden er utpeika som Tusenårsstaden for Fjaler kommune og vert dermed eit viktig lokalt kulturminne og kulturmiljø. Sogn og Fjordane fylkeskommune ser positivt på at kulturminne og kulturmiljø kan takast i bruk til ulike aktivitetar og samtidig gjerast tilgjengeleg for flest mogeleg. Universell utforming, brannsikring og plassering av rømningsvegar, vert ei viktig vurdring som må gjerast, der gamle bygningar skal tilpassast ny bruk. Kulturavdelinga vil i denne saka tilrå at dei endringane og tilpassingane på løa i Klokkargarden det no er søkt om, vert avgjort av Fjaler kommune.

Brevert er signert fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad og rådgjevar Knut Åland

I avisa "Firda" sto eit skarpt lesarinnlegg av Erik Solheim  "Lobotomi av Klokkargarden" 1. juni der han kritiserar Jakob Sande-selskapet.

Rødfargen er på

Høgt i det blå

Jakob Sande-selskapet mottok 07.06.10 svar på søknad om endra byggjeplanar for løa. Saka er handsama etter delegert mynde.

Vedtak: Det vert vist til Jakob Sande-selskapet sin søknad datert 12.04.10 om endra byggeplanar for løa i Klokkargarden. Med heimel i §93 i Plan og bygningslova vert endringane godkjende.

Edvin Bøthun, teknisk sjef i Fjaler kommune

Meir om saka finn du på www.fjaler.kommune.no under postlister eller ved å vende deg til Fjaler kommune tlf 57 73 80 00

Her finn du teikningar, situasjon, plan og fasade i vedlagte filer. Både nye teikningar ( "Alle løa" ) med siste endringar og dei frå frå første utkastet lengst nede på sida.




Alle løa.pdf

Plan løa og våningshus.pdf

Fasade snitt.jpg

situasjonsplan.tif

løe fasade s.jpg

løe snitt.jpg

Klokkargarden.tif


 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys