Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Jakob Sande/

Jubileumsåret 2006



1. desember 2006 var det 100 år sidan Jakob Sande vart fødd i Dale i Fjaler.  Jakob Sande-selskapet, Jakob Sande-stiftinga – Klokkargarden, Stiftinga Jensbua og Fjaler kommune har gjennomført ei omfattande jubileumsmarkering med følgjande målsetting:



• Formidle kunnskap om Jakob Sandes liv og dikting

• Formidle tonar og drama til Jakob Sande si dikting

• Setje fokus på nynorsk litteratur for barn og vaksne

• Bruke Klokkargarden som utgangspunkt for å formidle kunnskap om lokalhistorie/kulturhistorie

 

Dei offisielle markeringane var konsentrert kring Vinterfest i Fjaler, Dalsfjordveka, hausten og 1. desember, diktaren sin fødselsdag. Det har vore ei rekke tilskipingar med fokus på Jakob Sande si dikting, for folk flest i Fjaler, i Sogn og Fjordane og elles i landet.

 

Rapport frå jubileumsåret vil foreligge ca 1. april 2007

 

Stikkord

• Den kulturelle skulesekken i Sogn & Fjordane og deira bidrag til at forfattaren og visesongaren vart gjort kjent for borna i grunnskulen.

•  CD-prosjekt:

- Jakob Sande-tekstar med komp av musikarar frå Gloppen
- Hanus G Johansen med færøysk musikk til Jakob Sande-dikt

• Heim og heimløyse – festivalen i ord og tonar på UWC og Fjaler i 20. -22. oktober

• Biografien om Jakob Sande, ført i pennen av Ove Eide, norsk-lektor og mangeårig medlem i Jakob Sande-selskapet. Utgjevar: Det Norske Samlaget. Lansert i oktober.

• Festframsyning 1., 2. og 9. desember i Dale, Førde og Oslo.

• Nyskrive teaterstykke av Ragnar Hovland, basert på Jakob Sande-tekstar med Sogn og Fjordane teater. Vert oppført i 2007.

 

 



 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys