Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Klokkargarden/

Tusenårsstaden i Fjaler


Frå Lys i alle hus 19.02.11
Foto:Svein Heggheim, Firda


Klokkargarden og den tilliggjande kommunale eigedomen med gamle kommunehuset, skulehuset og folkebadet

vart vald til Tusenårsstad for Fjaler kommune i 2000.

Staden ligg sentralt i Dale, nær bysta av Jakob Sande, Jakob Sande si grav og parken med Vesle Daniel-statua. Nikka Vonen sin gamle pensjonatskule og Vevang, som tidlegare var internatskule og gymnas, er også like ved.

Det staselege gamle kommunehuset er frå 1895. Her var kommunestyresal, delar av kommuneadministrasjonen og fengsel fram til Fjalerhuset opna i 1980. Det var på trappa framfor denne bygningen Bj. Bjørnson sto då han heldt tale for folk i Dale då han vitja bygda, tidleg på 1900-talet. Bestefar til Jakob Sande, Johan Barsnes, tok i mot diktaren på rim og då utbrøyt Bjørnson: " Jeg hører I har en dikter blant jer".

Den gamle kommunestyresalen i 1. høgda er i dag kalla både "lokalet" og "Studio Nova" . Her finn vi eit stort veggmåleri av Fjaler, utført av målat Atterås frå Dale. Lokalet kan brukast til møte, kurs og arrangement. I andre og tredje høgda har desse kunstnarane studio: Miriam Prestøy Lie, Eva Meier, Anne Lise Stenseth, David Zadig, Lillian Samdal og Arild Bergstrøm.

Skulehuset frå omlag 1860 hyste ungane frå Dale sokn fram til Dingemoen skule vart bygt i 1921. Både bestefar og far til Jakob Sande sto for bokleg opplæring i denne stova, sidan det var vanleg at klokkaren også var lærar. Seinare held "Fjalerkraft"/ Sunnfjord Energi til her. Det var far til Jakob Sande som sto i brodden for å lys til bygda, derav fekk han namnet "Lysets fader".

Skulehuset er i dag opprusta og vert nytta til studio, utstillingar og konsertar. Torkil Sandsund har sitt studio her.

Folkebadet er frå 1936. Fjaler Røde Kors og Rieberkonsernet sto for skiping av dette velferdtiltaket med bad og badstu for arbeidarane på skofabrikken. Far til Jakob Sande var byggjeleiar. Badet var i bruk fram til slutten av -50 talet. Seinare var her barnepark og, speidarhus, heilt fram til kreative ungdomar bygde om til kafeen "Hitt dar" i 2000. No er huset eit populært tilbod brukt til barn og ungdom, til internasjonal kafe` og utleigd til m.a. LAN og bursdagsfeiring .

Kulturkontoret / Frivillegsentralen i Fjaler administrerar bruken av desse kommunale husa. Tlf 57 73 80 00 www.fjaler.kommune.no  

Tusenårsparken

Område imellom bygningane – tusenårsparken –  har ein tursti igjennom parken, her er benkar, leikeområde, tre og buskar og inngangsparti med hellelagd plass. Eit stille oase midt i Dale basert på lokal historie og framtidsretta utvikling – ein møteplass for alle.

Sjå den siste delen av Tusenårstaden, Klokkargarden



 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys