Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Selskapet/

Kulturarrangement


Børsheim og Djønne
Foto:Per Finne


Eg skal ikkje gløyme den kvelden, augustikvelden du veit,
Eg lå utmed stranda og pilka den stunda då fisken beit.
I vest stod ei diger kveldsol og lutte mot himmelrand,
Men det var ei jordisk kveldssol som skein på ei jordisk strand

( utdrag frå diktet ”Då Gud heldt fest i Fjaler”. "Sirius" 1955 )

Kobbeskjerkvelden
er kvart år ein fredag i august, nærast den dagen diktet "Då Gud heldt fest i Fjaler" vart dagsett, den 10. august 1954. Første gong var i 1992.

På denne kvelden under Dalsfjordveka går båtar inn til Kobbeskjeret der hytta (no i privat eige) til Jakob Sande ligg inst i fjorden og syng Jakob Sande-songar til trekkspeltonar og der dikette "Då Gud heldt fest i Fjaler" vert framført. Seinare samlast folk til kulturprogram/ konsert på UWC på Haugland – som er den internasjonale skulen Red Cross Nordic United World College.  På Kobbeskjerkvelden har Ole Paus, Sigrid Moldestad, Rita Eriksen, Odd Nordstoga, Jan Eggum, Valkyrien Allstars, Rita Eriksen, Ola Bremnes og Aasmund Nordstoga i tillegg til lokale og andre artistar spelt.

Litteratur- og musikkseminar
har vore arrangert annakvart år fram til 2015 same staden til tema om Jakob Sandes dikting med kjende og kvalifiserte forelesarar.

Konsert, program, teater og revy
Etter løa var teken i bruk i 2011, har vi mogelegheita til å arrangere konsertar: Annlaug Børsheim og Rannveig Djønne, Sinikka Langeland Ensemble td. og ei rekkje andre artistar

Jakob Sande-selskapet har vore arrangør og samarbeidspart både i Fjaler, Førde og Oslo.



 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys