Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Jakob Sande/

For skuleelevar og studentar




Kvifor Jakob Sande?

Jakob Sande er ein forfattar som alle har vore borti ein eller annan gong. Julesongen"Det lyser i stille grender", det vakre diktet "Fløytelåt" og det meir groteske "Likfunn" er dikt som mange kjenner. Ikkje alle veit at diktaren heiter Jakob Sande. Heller ikkje at han er ein av dei mest lesne lyrikarane i Noreg i dag. Kor enn du kjem i landet, kan mange dikta hans utanboks. Dei spenner om eit vidt register av motiv og tema; bygdeliv og barndom, sjømannsliv, slitarar og syndarar, prestar og predikantar. Burlesk humor, beiskt hat, sår lengt, grotesk komikk, vare naturstemnigar – alt er å finne i Jakob Sande si dikting.

  • Skal du skrive oppgåve på skulen om Jakob Sande?
  • Du treng kanskje hjelp på vegen?
  • Kva i diktinga vil du skrive om?

"Vegar i Jakob Sandes dikting" er eit arbeidshefte for skuleelevar som er laga av Ove Eide, Ivar Svensøy og Roar Øvrebust ( 1993 ) Du kan tinge det under bokutsal I 2006 skal heftet trykkast i ny utgåve, men du kan framleis få gjeldande versjon.

Sjå elles under bibliografi. Der finn du tittelen på mange av hovudoppgåvene som er laga om Jakob Sande. Det er komne fleire til som ikkje står der. Lista skal oppdaterast. Spør og på biblioteket ditt.



 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys