Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 jakobsande.no/Jakob Sande/

Vesle Daniel


Vesle Daniel ved nyttår 2006
Foto:Margrete Reisæter


Avduking av Vesle Daniel 2002

Mange av dikta til Jakob Sande er om hans eiga utferdstrong og heimlengt. Vesle Daniel er ein av dei mest kjente karakterane i diktinga som omhandlar dette.

I parken i Dale 10. august 2002 vart det av Jakob Sande vener over heile landet reist ein statue av Vesle Daniel, laga av kunstnaren Sivert Donali. Nær 1000 menneske var samla denne fine haustdagen i parken og dei som var der, fekk seg eit minne for livet. Herbjørn Sørebø foretok avdukinga og Lars Klevstrand & brørne Rune og Bjørn Klakegg sto for kulturinnslaget.

 

Vesle Daniel skal ut i verda

og gjer kista klar i denne stund

Over store hav mot sør går ferda

med "San Salvador" av Haugesund

Frå "Då Daniel drog" Guten og grenda 1945

 

Også i dag reiser ungdom ut i verda, om ikkje på same måten. Ei internasjonal vidareføring kan du sjå på www.vesledaniel.no Det er ikkje eit uvant syn å sjå unge samla rundt statua i Dale til fotografering, anten det er internasjonal ungdom på kortare besøk eller ein lokal ungdom som er i ferd med å reise ut.

 



 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys