Start   Jakob Sande   Selskapet   Klokkargarden   Utbygging   Bilete   Kontakt  



 

Arrangement: Båttur på Kobbeskjerkvelden

Dato: 10.08.2018 - KL: 18:00
Stad: Flekkefjorden
Arrangementsansvarleg: Jakob Sande-selskapet

Jakob Sande-viser på fjorden
Før festframsyninga med dei tre tylane i auditoriet, startar festen ute på fjorden, ved Kobbeskjeret!

Kl 18.00 går båtane MS Atløy, Bakkejekta og andre båtar frå Haugland til Kobbeskjeret, med allsong av Jakob Sande-viser til musikk av Jan A Haugen og Andreas Ramstad.

Båtbillett kr 150,- Billettane kjem for sal på ticketco.no

Tre tylar til Kobbeskjerkvelden 10. august!
Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Ragnar Hovland laga og framførte dei store suksessane Vestlandsrevyen I (2007) og II (2011), saman med Olav Stedje og Claus Sellevoll på Logen Teater (no Hordaland Teater) i Bergen. Tokvam og Folgerø har også spelt saman i fleire tiår i det populøre populærorkesteret Finn-Erix, saman med Odd-Erik Lothe.

På Kobbeskjerkvelden i år blir det prat og vestlandsk stand up på svært høgt nivå, og ikkje minst musikk, framført på bass, fagott og ukulele. Og alt saman i Jakob Sandes ånd. Ja, dei trur at Jakob Sande ville blitt svært fornøgd om han hadde fått oppleve dette. Stikkord: Topp underhaldning!

Fredag 10. august kl 20.30 i auditoriet på UWC. Billett kr 350,- Billettane kjem for sal på ticketco.no

 



Sist endra: (02.07.18 - 11:59)   Attende til startsida
 



2005 © Jakob Sande-selskapet
Publisert med ArtSys